Miljøveka - Dag 5: Søtpotet-taco

Ein vegetarisk taco med kryddersteikte søtpoteter, mangosalsa og mykje anna snadder!

Dette treng du (2 personar):

Kryddersteikte søtpoteter:
3 stk. mellomstore søtpoteter
1 ts korianderfrø, knuste
0,5 ts finnikelfrø, knuste
2 ts spisskummen
0,5 ts chilliflak eller chilipulver
Salt
Olje

Pico de gallo:
3 stk tomater
½ raudlauk
1 lime
Frisk koriander

Guacamole:
2 stk avokado
½ lime
Eit fedd kvitlauk
½  rød chili

Mangosalsa:
1 stk mango
½ rød chili
½ lime
Frisk koriander
Salt


Til servering:
8 stk maistortilla
Rødkål, finsnitta


Slik gjer du:

Kryddersteikte søtpoteter:
Sett omnen på 210 grader. Skrell og skjær søtpotetene i like store terningar (pass på at dei er ganske like i størrelse slik at dei ikkje blir under-/oversteikt) og ha dei i ein bolle. Dryss over korianderfrø, fennikel, spisskumen, chiliflak/-pulver og salt og drypp over olje. Vend alt godt saman. Sprei dei så ut over ei langpanne og set dei i omnen. Der skal dei stå i ca. 25 minuttar eller til dei er møre og gylne.


Pico de gallo:
Del tomatene og ta ut innhaldet med ei skjei. Hakk dei og ha dei i ei skål. Hakk raudlauk og litt koriander. Skvis ut safta av ein heil lime og bland alt saman.


Guacamole:
Mos avokado i ei skål. Hakk opp kvitlauk og chili og ha det opp i skålen saman med avokadoen. Skvis over safta frå ein halv lime og bland det heile saman.


Mangosalsa:
Kutt opp ein mango (dette er ein kunst i seg sjølv, så sjå gjerne her viss du treng litt tips. Del den halve chilien i to slik du kan ta ut frøa med ein teskei. Så hakkar du chilien opp i små bitar. Ha chilien og ein neve koriander i lag med mangoen i ei skål. Skvis over ein halv lime og ha i bittelitt salt. Bland det heile saman med ein handmiksar/stavmiksar.


Serveringstips til pico, guac og mangosalsa: Når du hakkar opp grønsaker og urter, legg litt til sida og strø det over på toppen heilt til slutt. Det vil sjå veldig appetittleg ut og gi folk ein idé om kva som er i
😊

Kutt opp raudkål i veldig tynne strimlar og varm maistortillaene kjapt i omnen. Buen provecho!

Denne oppskrifta er delvis henta frå: https://www.godt.no/oppskrift/7873/vegetartaco-med-krydderstekte-soetpoteter-og-avokado

På godt.no finn du også mange andre digge veggisoppskrifter