Intervjutrening - digitalt kurs

I vår vil truleg dei fleste jobbintervju føregå digitalt. Det kan vere uvant og by på nye utfordringar. På vårt digitale intervjutreningskurs får du sjansen til å øve før det verkeleg gjeld.

På grunn av COVID-19 situasjonen i Norge vil dei fleste jobbintervju framover føregå digitalt (via videolink). Kurset gir deg moglegheiten til å trene på ein digital intervjusituasjon, med erfarne vegleiarar frå Karrieresenteret. Deltakarane blir delt inn i grupper med tre studentar og éin intervjuar. Når du ikkje sjølv blir intervjua, vil du kunne sjå intervjua av dei to andre i gruppa.

Kurset inneheld:

  •  innleiing om kva som er viktig på intervju, som oppvarming før sjølve intervjuet

  •  trening i grupper på tre studentar med ein intervjuar

  •  evaluering og tilbakemelding

Ved påmelding må du laste opp CV og ein aktuell stillingsannonse, begge i PDF eller Word-format. Vi bruker desse som utgangspunkt for intervjuet.

Dato:  onsdag 13. mai

            onsdag 27. mai            

            onsdag 03. juni

            onsdag 10. juni

Tid:     Kl. 12.30 - 15.00

Kurset holdast digitalt via videolink. Du blir kontakta i forkant av kurset for meir informasjon.

Kurset er gratis for studentar som betalar semesteravgift. Ikkje meldt forfall vil belastas med kr 300.