Sov godt - Vegar til søvn og overskot - digitalt kurs
Kurset passer for deg som får for lite søvn, har vanskar med å sovne eller halde på søvnen, eller er vaken og trøytt på andre tider av døgeret enn du ønsker.
- kanskje er noko ukonsentrert, gretten eller søvnig på dagtid? Mange opplev at det er vanskelegare å halde på viljestyrke og jamn innsats når ein har søvnunderskot.
- er motivert til å leggje inn ein eigeninnsats mellom kursdatoane.
Kursinnhald:
- Lær om søvn og døgnrytme.
- Kartleggje tankefeller, søvn over tid med meir.
- Lær kva som styrer søvn, søvntrykk og våkenheit, og lær gode råd som inviterer søvnen inn.
- Lær ulike metodar som har dokumentert effekt på søvn og døgnrytme, til dømes avspenningsteknikk, søvnhygiene, tanke- og adferdsmetodar.
I tillegg ser me på samspel miljø-individ i eit biologisk og sosialt perspektiv. Kanskje er det ikkje så rart at studentar ofte har søvnproblem - me utforskar både årsaker og løysingar.
DATO/TID/STAD
Kurset er digitalt og går over 4 samlingar. Du må kunne sette av alle fire kursdatoane.
Kursholder: Ruth Velsvik (ruth.velsvik@sammen.no)
Kurset er gratis for studentar, dette er eit tilbod for dei studentane som har betalt semesteravgift haust 2020 eller vår 2021.
Avmelding må skje seinast innan kl. 15:00 to dager før kursdato. Ikkje meldt forfall belastes med eit gebyr på kr. 300,-.