Prokrastinering - digitalt kurs

Slit du med å kome i gang med studia dine? Då er dette kurset noko for deg.

Utsetjer du naudsynte oppgåver, finn det vanskeleg å halde ut eller finne struktur i kvardagen? Tenkjer du "eg utsetjer så mykje at eg ikkje når måla mine",  eller at alle utsetjingane går på trivselen laus?

Mange studentar prokrastinerer. I dette kurset får du ei kort innføring i fenomenet prokrastinering (utsetjaråtferd). Kurset er samansett av føredrag, gruppesamtalar (til dømes kring kasus) og ulike øvingar.

Du får prøvd ut ulike verktøy for utsetjaråtferd, og blir kjend med ulike typer råd og tiltak.

DATO/TID
Onsdag 13.01 - kl. 13:15 - 15:30

Kurset er digitalt, du mottek digitalt kursmateriale og lenke til pålogging i forkant av kurset.

Kurshaldar: Ruth Velsvik (ruth.velsvik@sammen.no)

Kurset er gratis for studentar, er for dei studentane som har betalt semesteravgift haust 2020 eller vår 2021.