Intervjutrening - digitalt kurs
På grunn av COVID-19 situasjonen i Norge vil dei fleste jobbintervju framover føregå digitalt (via videolink). Kurset gir deg moglegheit til å øve på ein digital intervjusituasjon, med erfarne rettleiarar frå Karrieresenteret. Deltakarane blir delt inn i grupper med tre studentar og éin intervjuar. Når du sjølv ikkje blir intervjua, vil du kunne sjå intervjua av dei to andre i gruppa.
Kurset inneheld:
-
Innleiing om kva som er viktig på intervju, som oppvarming før sjølve intervjuet
-
Øving i grupper på tre studentar med ein intervjuar
-
Evaluering og tilbakemelding
Ved påmelding må du laste opp CV og ein aktuell stillingsannonse, begge i PDF eller Word-format. Me bruker desse som utgangspunkt for intervjuet.
Dato:
Onsdag 27. januar 2021
Onsdag 14. april 2021
Onsdag 26. juni 2021
Tid: Kl. 12.30 - 15.00
Kurset holdast digitalt via videolink. Du blir kontakta i forkant av kurset for meir informasjon.
Kurskoordinator: Idar Nestaas
Kurset er gratis for studentar som betalar semesteravgift. Ikkje meldt forfall vil bli bleasta med kr 300.