Tips og råd i samband med koronaviruset

Saman følgjer situasjonen kring koronaviruset fortløpande og forheld oss til Folkehelseinstituttets anbefalingar. Her er informasjon om korleis ein kan førebyggje smitte og kva ein bør gjere dersom ein trur at ein er sjuk med det nye viruset.

Oppdatert:10.03.20 

Korleis førebyggje smitte?
Koronaviruset smitter som ved forkjøling og influensa ved at virus overføras frå luftvegane hja ein sjuk person.

Her er vanar som førebyggjer smitte:

  • Bruk papirlommetørkle framfor munn og nase når du hostar eller nys. Kast lommetørkleet etter bruk. Vask så hendene. Bruk olbogekroken om du ikkje har papirlommetørkle tilgjengelig.
  • Vask hendene ofte og grundig, særleg når du har vore ute blant folk.
  • Handdesinfeksjon med middel som inneheld alkohol er eit godt alternativ når du ikkje får vaska hendene, til dømes på reise.

Kva gjer du derson du trur du kan vere sjuk med det nye koronaviruset?
Ta kontakt med lege på telefon for råd og avtale om undersøking. Ikkje reis på legekontoret utan avtale.

  • ring fastlegen din eller Førde legekontor 53 74 70 70
  • legevakt på telefon 116117 dersom legekontorer ikkje er tilgjengeleg

Symptomene på sjukdomen er som ved andre luftvegsinfeksjonar, som hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevanskar.

Kontakt lege på telefon dersom du har slike symptom og har vore i minst éin av følgjande situasjonar:

  • Har vore i eit område med vedvarande spreiing av koronaviruset die siste 14 dagane.
  • Har hatt nærkontakt med ein person som er stadfesta sjuk med det nye koronaviruset i løpet av dei siste 14 dagane.
  • Områder med vedvarande spreiing av koronaviruset

Bebuarar hjå Saman
Bur du hjå Saman og mistenker at du er sjuk med koronaviruset, ber vi deg også ta kontakt med bolig@sammen.no, i fall det er noko vi må gjere for å tilrettelegge på bustad. 

Personer som har vore i eit område med vedvarande smitte
Personer som har vore i områder med vedvarande smitte skal halde seg heime i 14 dagar etter dei kjem heim, uavhengig av om dei har symptom eller ikkje. Dette inkluderer å ikkje gå på jobb eller skule, unngå reiser, ikkje ta offentleg transport, og unngå andre stader der ein lett kjem nær andre.

Folkehelseinstituttet anbefalar at personer som har vore i områder med vedvarande smitte i dei siste 14 dagane, ikkje besøker helseinstitusjonar dersom det ikkje er heilt nudsynt. Dersom besøk ikkje kan unngås, må avdelinga der pasienten ligg først kontaktas per telefon, slik at naudsynte smitteverntiltak kan iverksettas.

Dersom du har kommet heim frå eit område med vedvarande smittespreiing i løpet av dei siste 14 dagane, og du får symptom på luftvegsinfeksjon (feber, hoste, brystsmerter eller pustevanskar), ber vi deg straks halde deg innandørs og unngå nærkontakt med andre menneske samt ringe fastlege, legesenter eller eventuelt legevakt (tlf: 116 117) og fortelle om din reise og dine symptom.

Kva gjer Saman?
Vi har forsterka reinhald i alle våre tenester, og oppfordrer alle til god handhygiene og bruk av dispensere med middel for handdesinfeksjon.

Vi overvåker situasjonen nøye, følgjer anbefalingane vi får frå Folkehelseinstituttet og er klar til å sette inn naudsynte tiltak om det skulle bli bruk for det.  

Reiseråd frå Folkehelseinstituttet
Her finn du til oppdaterte reiseråd frå Folkehelseinstituttet

Koronavirus_ENG_NO_CHI_20200226.png