Studenter spør
Studielivet byr ikkje berre på glede, tryggleik og god helse. For mange kan livet som student tidvis vere ganske krevjande. Då kan Studenter spør gi litt hjelp på vegen. Her kan du både lese andre sine spørsmål om eigen helse, samtidig som du kan stille dei spørsmåla du sjølv lurer på.
Kva er Studenter spør?
Studenter spør er ein spørsmål- og svarteneste som er oppretta i samarbeid med dei andre samskipnadane i Norge. Dyktige fagpersonar innan helse og karriere svarer på dine spørsmål, heilt anonymt.
I tillegg publiserast mange artiklar og bloggposter skrevet av både studentar og fagpersonar om studie- og studentrelaterte problemstillingar og utfordringar.
Kva kan eg spørje om?
Du kan stille oss spørsmål om det aller meste, som t.d. fysisk og psykisk helse, seksualitet og seksuell helse, prevensjon, rus, studiemeistring og livssituasjon.