Ein ny livssituasjon
Du har kanskje blitt fortalt at «studietida er den beste tida i livet»? Det er mange gode grunner til det. Studentlivet byr på mykje fridom, samhald og lærdom. Du har fridom til å legge opp dagen slik du vil; du har eit stort tilbod av fritidsaktivitetar og arrangement du kan vere med på; og du kan lære på den måten som passar best for deg. Du har altså mykje å glede deg til som student. Likevel kan overgongen til studentlivet følast overveldande og utfordrande for mange.
Som ny student er det mykje å sette seg inn i. Du skal sette deg inn i forelesningar, pensum og eksamenar – i tillegg til å bli kjent med ein ny skule og nye menneske. Mange flyttar også heimeifrå for første gong, og står no på eigne bein heime. Med så mykje nytt på ein gong, er det heilt normalt å oppleve det som overveldande.
Med fridom føl ansvar. Fridomsfølelsen kan vere fantastisk, men den medfører også ansvar. Du har no ansvar for eigen læring, økonomi og busituasjon. Sjølv om dette er lærerikt, kan det også vere strevsomt for mange.
Så kva kan du gjere for å få ein så enkel studiestart som mogleg? Me delar fire råd du kan ta med deg på vegen inn i din nye situasjon.
- Still spørsmål
Det er ikkje forventa at du skal finne ut alt aleine. Dersom du er usikker på noko: spør! Det vil kunne gjere det enklare å få ei oversikt over det du har i vente. Lærestadane har både forelesarar og rådgjevarar som kan hjelpe deg med det du lurar på om studia. Mange lærerstedar har også fadder- og mentorordningar der du kan stille spørsmål og få lære meir om det du lurer på knytt til studentlivet. Mange kjenner nok på dei same usikkerheitene som deg. Og hugs: det er betre å spørje ein gong for mykje enn ein gong for lite. - Ver med på studentaktivitetar
Som ny student er det ikkje uvanleg å kjenne seg aleine og forlatt, særleg om ein har flytta til ein ny plass. Heldigvis er det mange som er i akkurat same situasjon som deg. Engasjer deg og bli med på ting, og du vil kunne oppleve at mange er opne og kontaktsøkande.
Det er mykje sosialt ein kan vere med på som ny student, og det finst mange arenaer som er godt tilrettelagt for å få seg nye venner. I tillegg til fadderveka og mentorordningar, har dei ulike studiestadane fleire foreiningar du kan vere med i. Saman har også lågterskelaktivitetar dersom du ønsker å bli kjent med nye menneske. Meir informasjon finn du under "studentliv"-fana. - Ver raus med deg sjølv
Som ny student skal du plutseleg lære på ein ny og ukjend måte, og det kan det vere vanskelig å vete kor mykje dei ulike faga faktisk krev av deg. For mange kan nivået verke høgt, og då kan ein fort tenke at studiet er for vanskeleg. Då kan det vere lurt å minne seg sjølv på at det faktisk var eit opptakskrav for å komme inn på studiet, og det at du kom inn betyr at du er kvalifisert nok.
Lurer du på korleis du burde studere? Sjå Saman sine tips til gode studierutinar.
- Aksepter at det tek tid
Det tek tid å få oversikt over alt studentlivet innebærer. Sjølv om du kanskje har starta på drømmestudiet eller flytta til favorittbyen, er det heilt normalt å føle seg utfordra, forvirra og einsam. Ver førebudd på at det kan ta tid å komme seg inn i nye rutiner og bli kjent med nye menneske. Aksepter at det kan ta tid før du trivast i ditt nye studentliv.