Slik held du lykkepromillen på studentfesten
Korleis kan du ha kontroll over alkoholinntaket og samstundes ha det kjekt på fest? Me gjev deg tips til å halde lykkepromillen gjennom festen.
Studentfestar inneheld ofte eit høgt alkoholkonsum. Det er likevel mange studentar som ønsker å avgrense eige alkoholinntak, og som på same tid ønsker å vere ein del av fellesskapet. Denne balansegangen er ikkje alltid enkel å finne. Då kan lykkepromille vere løysinga.
Lykkepromille er den rusen som gjev størst stimulerande effekt. Denne oppnår du når du ligg mellom 0,5 og 1 i promille. Promillenivået vil bli påverka av individuelle forskjellar, som vekt, høgde og gener. Ein tommelfingerregel er at lykkepromillen når du etter 2 glass vin for jenter og 3-4 glass vin for gutar.
Så kva kan du gjere for å halde på lykkepromillen gjennom festen?
- Avgrens kor mykje drikke du tek med deg
Planlegg kor mykje du skal drikke før du går til innkjøp av alkohol, og sørg for å avgrense kor mykje du tek med deg på festen. Då blir det enklare å kontrollere kor mykje du drikk. - Velg drikke med låg alkoholprosent
Ved å drikke alkoholtypar med ein låg alkoholprosent er det enklare å kontrollere promillen. Hald deg vekke frå sprit, og drikk heller øl, cider eller vin. - Allier deg med ein annan
Det er som regel andre som ønsker å drikke på ditt nivå. Finn dei, og allier deg med dei. Det er ofte enklare å halde alkoholkonsumet på eit lågt nivå når ein er fleire om det. - Drikk sakte
Når du drikk mykje alkohol på kort tid, risikerer du ei rask promillestigning. Drikk derfor sakte. Då er det enklare å merke rusen. - Vent med neste eining
For mange går det nærast på autopilot å hente meir drikke når ein er tom i glasset. Prøv å bryt med denne automatikken. Når du har drukke opp ein eining, vent med å ta ein til. I staden kan du nytte anledninga til å bevege deg, danse og mingle. - Ha kontroll under drikkeleikar
Under drikkeleikar er det lett å la seg rive med. I tillegg er det fleire som føler på eit drikkepress under drikkeleikane. Du kan likevel vere med på drikkeleikane og samstundes vere bevisst på mengden du konsumerar under drikkeleikane. Du kan til dømes drikke noko med ein låg alkoholprosent og ta små slurkar – dette er det ingen andre enn deg sjølv som legg merke til.
Følg med på ditt promillenivå
Last ned appen her: Google Play og App Store