Auke i tal smitta av gonoré

FHI varslar bekymringsfull auke av gonoré hos unge kvinner.

Stor auke i nye tilfelle gonoré!

Gonoré er svært smittsomt, og no melder FHI at det er flest unge kvinner som blir smitta. Dei frykter stor smittepreiing då kvinner har høgare smitterisiko, men færre eller ingen symptom.

Smitterisikoen ved ubeskytta samleie med smitta partnar er 50-70% for kvinner og 20-30% for menn (fhi.no). FHI legg vekt på seinvirkningar som kroniske smerter og sterilitet ved ubehandla smitte.

Det er difor svært viktig å testa seg ved byte av partnar sjølv om ein ikkje har symptom. Og sjølvsagt å bruka kondom.

Ein blir smitta med gonoré ved direkte kontaktsmitte gjennom seksuell kontakt mellom slimhinner i genitalia, hals eller rektum. Symptomer som svie ved vannlating og utflod er mest vanleg. Kvinner kan ha smerter i mageregion, og menn kan få ømme testiklar. Frå smitte til symptom går det normalt 2-7 dagar, dersom ein opplev symptom.

Viktige punkt og bekymringar

  • Auke i smitte blant heteroseksuell ungdom.
  • Unge kvinner er i ein spesielt sårbar situasjon då mange av desse ikkje får symptom og kan gå lenge med ubehandla infeksjon. Dette gir auka risiko for utvikling av komplikasjonar som eggleiarbetennelse og bekkeninfeksjon. Dette kan i verste fall føre til sterilitet.
  • Vi har og sett at ikkje alle menn får tydelige symptom på at dei er smitta.
  • Hos fleire unge menn blir infeksjonen først oppdaga når dei kjem for testing i samband med smittesporing.

Det er difor svært viktig å…..

  • få gitt behandling så tidleg som mogleg for å stoppe smittespreiing.
  • utføre grundig smittesporing og at alle som er i risiko for smitte får beskjed om å testa seg.

Helsestasjon for unge vaksne er open for studentar kvar tysdag kl. 14:00-17:30

Meir informasjon om helsestasjon for unge vaksne finn du HER

Meir informasjon om Gonoré finn du hos FHI HER