Nokon å snakke med

Treng du nokon å snakke med? Her finn du informasjon om studentrådgjevar, psykolog, studentprest, studenttelefon og studie- og karriererettleiing.

Rådgjeving

Rådgjeving er eit tilbod for studentar som treng nokon å snakke med, eller som ønsker råd og veiledning. Typiske henvendelsar kan handle om manglande struktur i studiekvardagen, dårleg konsentrasjon eller låg motivasjon. Einsemd, tap og relasjonar til familie, venner og kjæreste er andre vanlege tema.

Studiar medfører periodar med mykje stress. Rådgjevar kan hjelpe studentane å handtere ein travel kvardag og unngå at den i for stor grad pregast av bekymringar, uro eller nedstemtheit.

Har du faglege eller praktiske spørsmål, som poenggrenser, opptak, utveksling, innpass av tidlegare utdanning eller studiepoeng, ta kontakt med studieveiledar på lærestaden din.

Psykolog

For nokre studentar kan psykiske helseplager gje ein meir krevjande studiekvardag og påverke studieprestasjoner negativt. Angst, depresjon, rusproblem og forskjellige traumar er døme på henvendelsar som ofte følgjast opp av psykolog. 

Uansett om det er rådgjeving eller psykolog du treng er me her for å hjelpe deg.