Karriererettleiing
Inntil vidare tilbyr vi nå digital karriererettleiing med rettleiarane våre i Bergen.
For å nytta karrieresenteret til Saman må du vere student og ha betalt semesteravgift.
I ein karriererettleiingstime hjå Saman treff du karriererettleiarar som er interesserte i kven du er, kva du kan og kva du vil.
Vanlege spørsmål
- Kva kan eg bruke utdanninga mi til?
- Kva jobbmoglegheiter har eg?
- Kvar finn eg relevante jobber?
- Eg veit ikkje om eg har vald riktig utdanning
- Kva kompetanse har eg, eigentleg?
Dette kan andre hjelpe deg med
- Har du spørsmål om opptak, poengberegning o.l., bør du snakke med en studierettleiar ved lærestedet ditt.
- Har du spørsmål om studiar i utlandet, kan du kontakte organisasjonen ANSA.
- Er du ikkje student, anbefaler vi Karriere Vestland som er eit gratis tilbod for alle over 19 år.