Korleis få sommarjobb - gode tips og råd!
Åtte tips til å få sommarjobben
Etter ein lang og grå vinter kjennes det kanskje som om sommaren er langt unna, men akkurat no lyser mange verksemder ut sine sommarjobbar. Det er på tide å sjekke ut kva jobbar du skal søke på, og vi i Saman Karriere har sjølvsagt nokre gode tips på vegen.
Få arbeidserfaring og tjen ekstra pengar
Du bør tenkje gjennom kva jobbar du kunne tenkje deg, kva du er god på og kva du kan bidra med. La lista vere lang så du har mange stader du kan sende søknaden din til. Hugs også at ein sommarjobb nødvendigvis ikkje treng å vere ein draumejobb – men ein jobb som skaffer inntekt, erfaring og kunnskap.
Ver fleksibel
Ver fleksibel, ikkje bestill ferie no, vent til du har ein sommarjobb og veit korleis sommaren ser ut. Juni og juli er dei månadane flest treng vikarar, det er då dei fleste vil ha ferie.
Ikkje ver kresen
Ikkje ver kresen! Du lærer noko av alle jobbar, ha eit ope sinn. All erfaring er god erfaring. Nye kontaktar kan opne dører ein ikkje kjente frå før.
Får du ikkje betalt jobb i sommar, kan det vere nyttig å jobbe frivilleg. Då får du verdifull arbeidserfaring som gjer det lettare å få jobb neste sommar.
Bruk sosiale media
Bruk sosiale media for alt det er verdt. Det er mange som har fått jobb ved å bruke for eksempel Facebook. Man kan nå ut til mange mennesker i løpet av kort tid. Plutseleg kjenner du nokon som kjenner nokon som kjenner nokon som kan gi deg ein topp sommarjobb. Lag også gjerne ein profil på Linkedin.
Bruk nettverket ditt
Bruk nettverket ditt. Du kjenner heilt sikkert mange mennesker i ulike bransjar, spør foreldre, familie, venner og lærarar.
Ver aktiv og ta initiativ
Det er viktig at du er “på”, aktiv og engasjert. Vis at du vil ha jobb. Ver positiv og ta initiativ sjølv til å læra meir eller gjere meir, så kjem utfordringane og meir ansvar til deg etter kvart.
Ta kontakt eller oppsøk aktuelle arbeidsgjevarar
Send open søknad til verksemder du er interessert i å jobbe for. Ring gjerne og vis interesse. Du kan få eit nei, men kan gjerne vere aktuell på eit seinare tidspunkt. Det er positivt å vise at ein verkeleg vil, og at ein tør. Registrer deg gjerne hos eit bemanningsbyrå, dei får ofte inn hasteoppdrag. Så er du fleksibel og kan stille på kort varsel, er det ein moglegheit til å komme raskt i jobb.
Spør om hjelp
Pass på at du har ein god CV og søknad. Spør andre om råd og tips, og ikkje minst: spør andre om kva de trur du kunne passe til.
Lukke til!