Gratis HVP-vaksine

Hafstadvegen 42
Er du jente og fødd i 1991 eller seinare får du tilbod om gratis HPV-vaksine. I Førde får no alle homofile og "menn som har sex med menn" fødd i 1991 eller seinare same tilbodet!

Kvifor bør ein vaksinera seg mot HPV?

Humant papillomavirus (HPV) er årsaken til livmorhalskreft.  Den kan og gi kreft i munn, svelg, endetarm og penis.
I dette heftet frå Folheleseinstituttet kan du lesa meir om HPV og vaksinen.
Det fortel mellom anna at om lag 70 prosent av alle seksuelt aktive vert smitta med viruset, og at  om lag 45 prosent av kvinner i 21-årsalderen har ein pågåande HPV-infeksjon. Dei fleste er ufarlege, har ingen symptom og går over av seg sjølv, men om lag 10 prosent får ein langvarig infeksjon som kan føre til livmorhalskreft.

Korleis kan eg få vaksinen?

Sjekk informasjon på nettsidene til kommunen der du bur for å finne ut kvar og når du kan få vaksinen. Ei oversikt med lenker til vaksinasjonsprogramma i dei forskjellige kommunane finn du her.  

Du kan og kontakta helsestasjon for unge vaksne ui Førde.
Den ligg i 3. etg på rådhuset og er open kvar tysdag frå kl 14.00 til kl 17.30.
Ein kan òg ta kontakt på jobbmobil 99 29 36 72.

Du treng ikkje vere folkeregistrert i kommunen for å få vaksinen.
Tilbodet om gratis vaksine gjeld for alle unge kvinner fødd i 1991 eller seinare og varer ut 2018. For å få vaksinasjonen gratis må den vere starta innan utgangen av 2018 for jenter og innan utgangen av november 2018 for gutar.