Saman Helsefond
Les meir om retningslinjer og krav til dokumentasjon her
Dette kan du få innvilga stønad for
Merk: utgiftene du søker om stønad til kan ikkje vere eldre enn 6 månader.
-
Psykolog: Ein kan få stønad til psykologbehandling som kjem inn under eigenandelstak 1 hjå Helfo. Dine eigenandelar finn du ved å logga deg inn på helsenorge.no. Utgiftene dekkast frå første krone og opp til eigenandelstaket. Utgifter over dette vil frikort dekke.
Utgiftene må dokumenterast med utskrift av eigenandelane frå helsenorge.no.
OBS! Ved behandling hjå poliklinikk må det i tillegg dokumenterast at dette gjeld poliklinikk for psykisk helse/DPS anten i form av kvitteringar eller utskrift av timane hjå poliklinikken.
-
Tannlege
Merk at frå og med mars 2023 har ein fram til det året ein fyller 24 rett til 75% rabatt på tannlegebehandling hos fylkeskommunal tannhelseteneste.
Den fylkeskommunale tannhelsetenesta i Førde er Førde tannklinikk
Desse søkarane må difor nytta seg av den fylkeskommunale tannhelsetenesta, og vil ikkje få dekka utgifter til tannlege gjennom Helsefondet.
Studentar som er 25 år eller eldre, kan søke om 25% refusjon for utgifter til tannlege i Norge.
Utgiftene må dokumenterast med kvittering med namn og behandlingsdato samt stadfesting frå behandlar på at de berre er naudsynt behandling som er utført. Det er eit tak på godkjende utgifter på kr 20 000, slik at maksimalt stønadsbeløp vil vere kr 5 000.
Det blir ikkje innvilga stønad til tannregulering, tannimplantat eller kosmetisk behandling.
-
Tannskade
Det gis stønad til reparasjon av tenner som blir skada i forbindelse med ulukker og fall. Stønaden er på 25 % av utgiftene, etter at eventuell annan inndekning frå det offentlege eller forsikringar er trekt frå. Det er ei maksgrense på kr 10 000 utbetalt stønad per student per år.
Utgiftene må dokumenteras med kvittering med behandlingsdato og betalt beløp for kvar behandling (evt. dokumentasjon på kva som allereie er dekka av andre v/forsikring eller offentlege instansar) og dokumentasjon på ulukka/skaden.
-
Transport
Det gis stønad på inntil 50% av utgiftene til transport dersom skade eller sjukdom gjer det umogleg å nytte offentlege transportmiddel mellom studiebustad og lærestad. Ein kan då få stønad til ein t/r per vekedag (ikkje heilagdag eller helg) i inntil 4 veker rekna frå dato til dato. Av godkjende utgifter reknast ein eigenandel på 50%.Reise til og frå behandling kan ein få dekka av det offentlege hjå Pasientreiser.
Utgiftene må dokumenterast med attest frå lege på at ein ikkje kan nytta offentlege transportmidlar mellom heim og skule grunna skade/sjukdom og kvittering for utgifter påført dato, heime- og skuleadresse.
-
Psykomotorisk fysioterapi
Det gis stønad til psykomotorisk behandling hjå fysioterapeut som har avtale med det offentlege og som kjem inn under HELFOs eigenandelstak.Beløpet dekkes frå første krone og opp til eigenandelstaket.
Utgiftene må dokumenterast med utskrift frå Helfo.