Tannlege

Søke stønad for behandling hjå tannlege?

Alle søknadar vert behandla j.f. våre generelle rammer og vilkår.  

Dette kan du søka om stønad for

I regionane utanfor Bergen kan du søke stønad forl naudsynt behandling utført hjå tannlege.
Ei standard undersøking med røntgen og puss av tannstein utan vidare behandling er rekna som ein normal utgift, og vert ikkje innvilga stønad for.

Kosmetisk behandling vert ikkje rekna som naudsynt.

Så mykje kan du få attende

Stønaden er på 50% av godkjende utgifter (naudsynt behandling). Det er ein maksgrense på kr. 10 000 utbetalt stønad per student per år. Søknadar for utgifter under kr. 1500 vert ikkje behandla.

Dette må leggas ved søknaden

Bevis på betalt semesteravgift for semesteret behandlinga er utført i. Kvittering på betalt behandling.
Stadfesting frå tannlege på at behandlinga var naudsynt.