Forbod mot open eld 15. april - 15. september

Det betyr at du ikkje skal brenne bål eller liknande i eller i nærleiken av skog eller anna utmark utan løyve frå kommunen. Forbodet gjeld både bruk av bål og eingongsgrillar ute i utmarka.

Forbod mot ope eld 15. april - 15. september

I denne perioden er det er forbod mot å gjere opp ope eld i heile Noreg. Det betyr at du ikkje skal brenne bål eller liknande i eller i nærleiken av skog eller anna utmark utan løyve frå kommunen. Du kan likevel gjere opp eld der kor det openbert ikkje kan føre til brann. Det kan vere stader kor det til dømes enno ligg snø.

Forbodet gjeld både bruk av bål og eingongsgrillar ute i utmarka. Dersom Sogn brann og redning IKS må rykke ut på grunn av aktløyse kan det føre til politimelding og økonomiske konsekvensar for dei ansvarlege.

Søknad om bålbrenning skal meldast på eige skjema til 110 Vest. Trykk her for meir informasjon og skjema.

Dersom du skulle miste kontrollen – ring 110 for å melde brann!

Generell aktsemd

Alle har plikt til å vise aktsemd ved aktivitet som kan føre til brann. Det gjeld alltid, uansett vêrforhold, omgjevnader og tid på året og omfattar bruk av bålpanner, eingongsgrill,  primus, japansk/kinesisk lykt og andre innretningar med ope flamme eller gneister som kan føre til brann. Dette er regulert i forskrift om brannforebygging §3. Brot på denne regelen kan føre til politimelding og eit krav om å dekke utgifter etter brannvesenet si utrykking.

Les meir på sognbrann.no

skogbrannplakat