Wi-Fi og TV

Her finn du framgangsmåten for å kople seg til wi-fi på våre bustadar

Wi-Fi

For å kople seg på det trådlause nettverket koplar du deg til nettverket Saman med passord Saman2019. Du får då tilgang til å opprette ein personleg brukar.

Når du opprettar ein personleg brukar, bruk gjerne hybelnummeret ditt først i brukarnamnet. Til dømes "83-KariJohansen"

NB! Det kan ta inntil 1 dag før denne blir godkjend og aktivert.

Andre einingar

Ønskjer du å kople til andre einingar som smart-TV, spelekonsoll, AppleTV eller Chromecast?

Då kan du sende MAC-adressa til eininga på e-post til bustad.forde@sammen.no slik at me får godkjend den opp mot nettverket.