Viktig informasjon til deg som leigebuar

5. desember lanserer vi ein ny bustadportal, bo.sammen, og den gamle bustadsida (Boligtorget), inkludert Min side, vil bli stengt. Dette vil vere viktig for deg som leigebuar, så vi ber deg om å lese denne informasjonen nøye.

Skal du seie opp leigeavtalen din?
Dersom du skal seie opp i november må du gjere det innan 22. november viss du ønskjer at oppseiingstida skal gjelde frå 1.desember.

Lagre leigeavtaler og andre filer!
Alt av dokument på noverande Min side vil bli sletta 23.november. Det er difor viktig at du lagrer leigeavtalen(e) din(e) og andre filer du vil ta vare på. Hugs at du treng leigeavtalen(e) din(e) hvis du blir teke ut i bokontroll av Lånekassen.

Betaling/økonomi
Du er sjølv ansvarleg for å betale faktuaene dine og anna du skuldar innan forfall. Hugs at du ikkje vil ha tilgang på faktura på Min side på Boligtorget etter 22.november. Er det faktura du ønskjer å ta vare på må du passa på å lagre desse sjølv.
NB! husleige for desember blir sendt ut 12. desember til din nye Min side.

Frå og med 1. desember vil det og vere nytt kontonummer for innbetaling av husleige, så pass på at du betaler til rett konto! Kontonummeret vil stå på fakturaen du får i desember.

Du kan betale fakturaene dine direkte i portalen med kort.
Du vil og kunne få faktura på Vipps. Du må då setje på innstillingane for dette i Vipps-appen.
Vi har diverre ikkje ei løising for å setje opp eFaktura endå. Dette er under utviklig.

Vi held deg oppdatert
Alt du treng å vite om den nye Min side kjem 5. desember. Då vil du få tilsendt lenke til sida, innlogging og meir informasjon om bruk av sida.

Vi vil sørge for at du får den informasjonen du treng for overgangen til ny Min side. Er det noko du lurer på allereie no? Ta gjerne kontakt med oss på post.sfj@sammen.no.