Vaskerom

Vaske klede? Alle bustadhusa har vaskerom eller vaskeri med vaskemaskin og tørketrommel.

Tervatunet 1 B, C og D

Er du bebuar i Tervatunet 1 B, C eller D finn du vaskeriet ditt i underetasjen i hus C. For å nytte vaskemaskin/tørketrommel må du først laste ned appen 'appwash' av Miele. Du vil under installasjon få spørsmål om ein vaskeri-kode. Denne finn du på eine vaskemaskina i vaskeriet.

Du finn appen her i Applestore

Og her i Google Play

Når du har lasta ned appen må du registrere deg og fylle penger på vaskekontoen din for å ta i bruk appen.

Du bruker appen for å setje i gang vask/tørk og kan følgje med i appen på når maskina er ferdig.

Maskinene har automatisk dosering av vaskemiddel og koster kr 25 per vask.

Andre

Dei andre husa våre har eigne vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Desse kan du nytta fritt som leigebuar hjå Saman.

Hugs å tømma maskina i rimeleg tid etter den er ferdig slik at den er klar til neste leigebuar som ønskjer å nytta ho.

OBS! Dette gjeld ikkje leilegheitene på Hamretunet, men der er det mogleg å kople til eiga vaskemakin og tørketrommel etter avtale med vaktmeistar.