Sosiale samankomster i studentbustadane

Reglar og retningslinjer for samlingar i Saman studentbustader.

Dersom ein ønskjer å ha ein sosial samling på fellesareala i bustaden der du bur er det viktig at du gjer deg kjend med reglar og retningslinjer knytt til dette.

Bustadreglement

Bustadreglementet, inkludert reglar for ro og orden, gjeld også for uteareal som høyrer til bustadane. Hugs at lyden bærer ekstra langt ute, og med opne vindauge.

Reservasjon av fellesareal

Ved samlingar på fellesareal skal det alltid vere ein ansvarleg oppsatt på reservasjonslista som heng på infotavla på fellesområdet. Det er denne personen som er ansvarleg dersom det skulle skje noko. Samlingar utan nokon oppsatt som ansvarleg på lista står Securitas fritt til å avslutta.

OBS! Det er ikkje mogleg å reservere borda ute. 

Reinhald

Den som er ansvarleg for samlinga er og ansvarleg for at området er rydda og vaska innan kl 14:00 dagen etter.

Tryggleik

For å unngå uvedkomne gjester anbefaler vi å halda ytterdør og hybeldør låst.

Støy

Ved sjenerande støy utanfor vår opningstid kan ein kontakta politiet på 02800 for hjelp.