Søke bustad
Kven kan søke?
Alle som er studentar eller som søker om å bli studentar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) sine utdanningar eller Fagskulen på Vestlandet, som har fylt 18 år kan søke om studentbustad i Sogndal og Førde. Andre studenter kan også søke, men vil ikkje bli prioritert.
Du kan lese meir om dette i vårt tildelingsreglement.
Søknadsfrist
Vi tildeler bustader gjennom heile året når vi får noko ledig. Med unntak av hovudtildeling(bustad frå august) har vi ingen søknadsfrist, og ein kan søke heile året.
OBS! Ved søknad på særskilt grunnlag må søknad og dokumentasjon vere motteke seinast 5.mai for at vi skal kunne prioritera søknaden framfor resten av hovudtildelinga.
Om du ønsker studentbustad frå 1. august 2023 er det lurt å søke innan 15. mai for å bli med på hovudtildelinga av hyblar/leilegheiter. Hovudtildelinga startar veka etter. Vi opnar normalt for søknadar til neste studieår i januar.
Etter dette tildeler vi fortløpande, så det er ikkje for sein å søke sjølv om du ikkje rakk hovudtildelinga.
Slik søker du
Gå inn på https://bo.sammen.no/login for å logge deg inn på Min side. Er du ikkje registrert frå før må du opprette ny konto først.
Gå inn på søk/søk bolig og registrer ønska dine. Her vil du få opp ulike val av ventelister å søke i.
Treng du bustad frå studiestart må du søke i venteliste som heiter 'Førde - 1. August 2023' for å bli med i hovudtildelinga. Prioriter ønska dine og trykk lagre. Du vil få opp dine aktive søknader på 'søk bolig' etter at du har lagra.
OBS! Det vert ikkje sendt ut noko stadfesting om mottak av søknad på e-post. Så lenge søknaden din ligg lagra på din side er den aktiv.
Treng du hjelp til søknadsskjemaet kan du trykke her
Søknadsbehandling
Du kan følge status på søknaden din ved å logge deg inn på Min side. Du kan endre søknaden fram til du eventuelt får tildelt studentbustad.
"Tilbud" betyr at vi har sendt deg ein leigeavtale på e-post som må signerast innan akseptfristen. Så lenge søknaden ligg registrert utan tilbod vil det seie at du står på venteliste.
OBS! Det er normalt korte signeringsfristar på 2-3 dagar, så følg med på e-post frå tildelinga startar.
Tildeling av bustad
For dei som er med i hovudtildelinga av bustadar, startar utsendinga av leigeavtalar veka etter søknadsfristen. Resten av året sender vi ut leigeavtalane fortløpande.
Dersom me kan oppfylle ønsket ditt om studentbustad finn du leigeavtalen din på Min side. Du vil få melding på e-post om dette. For å takke ja til tilbodet må du signere i eGreement med Bank-ID, mobilnummer eller manuelt returnere signert leigeavtale per henvendelse på bo.sammen.no innan svarfristen i kontrakten. Søknaden din fell ut av ventelista når du har fått eit tilbod, så takkar du nei til det må du søke på nytt dersom du framleis ønskjer bustad hjå oss.
OBS! Merk at signaturen er bindande, med tilhøyrande bindings- og oppseiingstid. Ein er ansvarleg for husleige ut bindings- og oppseiingstid.
Kor lenge kan eg bu i bustaden?
Du vil få tilbod om ny leigeavtale om våren, og kan bu i inntil 5 år. Etter dette må ein søke særskilt om å bu vidare.
Eg veit ikkje om eg får studieplass til hausten
Du kan likevel søke og eventuelt takke nei til tilbodet etter følgjande reglar viss du ikkje får studieplass(gjeld berre leigeavtalar frå 1. august 2022):
- Dersom du gir beskjed før 23. juli vil vi løyse deg frå avtalenutan vidare krav.
- Seier du opp avtalen etter 23. juli vil det bli behandla som ei ordinær avtale med vilkår for oppseiing, jf. leigeavtalen § 2. Du er då ansvarleg for husleige ut oppseiingstida dersom vi ikkje får leigd bustaden ut att til nokon andre.
Melding om kansellering m/dokumentasjon må sendast skriftleg via henvendelse på bo.sammen.no eller til bustad@sammen.no. Kanselleringa er berre gyldig når du har fått stadfesting om motteke/godkjend kansellering.
Særskilt grunnlag
Dersom du treng eit spesielt bu-miljø eller ein tilrettelagt bu-situasjon er det viktig at Saman får beskjed om dette før søknadsfristen. Send dokumentasjon om dette samstundes som du sender søknaden. For at vi skal kunne prioritere søknaden framfor resten av hovudtildelinga for bustad frå 1.august må dokumentasjon vere motteke innan 5.mai.
VIKTIG! Sender du dokumentasjon via post er det viktig at du gir oss beskjed om dette så det kan fangast opp dersom dokumentasjonen ikkje skulle komme fram.
Studentbustader for funksjonshemma
Vi tilbyr tilrettelagte studentbustader til funksjonshemma. I Førde finn du desse i Hamretunet.
Barn
Dersom du har eller ventar barn kan du søke familiebustad. Vi har familiebustader i Hamretunet.
Husdyr
Dyrehald er ikkje tillate. Unntak vert gjort for førarhundar.
Kommunikasjon om studentbustad skjer gjennom SMS og e-post. Det er difor viktig at du sjekkar at e-post frå Saman ikkje hamnar i spam-mappa di. Gjer den det er det viktig at du endrar innstillingane dine slik at vi blir ein 'godkjent avsendar'.