Reinhald

I tillegg til din eigen hybel er alle i kollektivet ansvarleg for å halda det ryddig og reint på fellesarealet. Saman bustad har vaskesjekk i starten av kvar veke.

Vekevask

Kvar veke er det ein leigebuar i kollektivet som er ansvarleg for å gjere reint på fellesområdet. Lista over kven som har ansvaret kva veke finn de på infotavla i kollektivet.

Vaktmeister kjem tysdagane for å sjekke om området er ryddig og reint. Det kan difor vere lurt å vaska på ettermiddag måndag. 
Viss ikkje vasken er godkjend skriv dei det på vaskelista, og du kan få retta opp att i det som ikkje var i orden. Vaktmeister kjem då att onsdag for ny sjekk. Er det framleis ikkje godkjend vask vert det teke bilete av manglane og det kjem reingjeringsbyrå og gjer reint. Det vert då vidarefakturert leigebuaren som er ansvarleg j.f. prisliste for tilleggstenester.

Felles nedvask

Kvart år er det ein obligatorisk nedvask av fellesområda som alle leigebuarane skal delta på. På våren vil det gå ut melding om kva dato og tidpunkt som er planlagd for kvert av bustadområda.  Alle får tildelt eit eige område å reingjere før det vert avslutta med ei kjekk samling og pizza.
Viser det seg at du ikkje kan delta på den fastsatte datoen kan du avtala eit anna tidspunkt med vaktmeister.