Karantene på våre bustadar
Oppdatert 27.01.21
Registrering hjå Saman
Alle som er i karantene skal registrere seg via dette skjemaet eller ta kontakt med oss på epost/telefon.
På FHI sine sider ligg dei gjeldande reglane for korleis gjennomføre karantene og isolering.
Nærkontaktkarantene / Smittekarantene
Skal du i nærkontaktkarantene så følg gjeldande smittevernsreglar.
Innreisekarantene
Kjem du frå eit anna land er det 10 dagars innreisekarantene for alle.
OBS! "Innreisekarantene skal gjennomførast på einerom og med eige bad, der det er tilgang på mat eller eige kjøkken" - Leiv Erik Husabø, smittevernlege i Sogndal Kommune. Dette betyr at dersom du delar bad og/eller kjøkken med andre på våre bustadar kan du ikkje gjennomføre denne typen karantene på studentbustaden din. Dette er til forskjell frå nærkontaktkarantene. Dersom du ikkje har ein eigna stad for innreisekarantene så får du dekka karantenehotell.
Isolasjon
Bur du i kollektiv, kan du ikkje gjennomføre isolasjon på studentbustaden din.
Følg smittevernstiltaka
Me oppmodar til sist alle om å følgje dei generelle smittevernstiltaka
Har du spørsmål om koronasituasjonen, er mange vanlege spørsmål og svar samla her på regjeringen.no