Økonomi

Depositum

Innbetaling
For at kontrakten din skal vere gyldig må depositumet vere registrert innbetalt innan fristen fastsett i kontrakten. Denne er normalt den same som akseptfrist.
OBS! Sjølv om depositum ikkje er betalt innan fristen er den signerte leigeavtalen framleis bindande for leigebuar.
Giro for innbetaling av depositum finn du i fakturaoversikten på Min side.

Tilbakebetaling

Det er viktig at du legg inn kontonummeret du ønskjer tilbakebetaling til på Min side før du flyttar ut. Det er dette kontonummeret me kjem til å nytta ved utbetaling. Depositum vert overført 4-6 veker etter kontraktslutt.

Depositum blir tilbakebetalt når alt uteståande er betalt og leigeavtalen er gått ut.

Husleige/faktura

Saman sender ikkje ut papirfaktura.
Faktura frå oss finn du i fakturaoversikten på Min side.
Den kan betalas direkte på Min side med kort, i Vipps viss du får faktura der eller med KID- og kontonummer i nettbanken.
Husleiga blir fakturert første arbeidsdag i månaden og har forfall den 15. kver månad. 

Prisliste for husleige og straum finn du her.

Det er også mogleg å forskotsbetale husleige, sjå her for meir informasjon om korleis du gjer dette.

Korleis få rekningane dine på VIPPS

For å kunne betala til oss via Vipps må du ha opna opp for å motta faktura i Vipps-appen. Det gjer du slik:

  • Opne appen og klikk deg inn på 'Profil' for å komme til innstillingane.
  • Gå inn på 'Betalingsvalg'
  • Skru på 'Motta regninger i Vipps' 

Problem med å betala innan forfall?

Ta kontakt så snart du oppdager at det kan bli problematisk å betala innan fristen slik at me kan prøve å finna ei løysing saman. 

Ved behov for betalingsutsetting lengre enn eit par veker må det søkast særskild om dette. Søknadsskjema finn du her.

Høyrer me ikkje noko frå deg, og husleiga ikkje er betalt innan forfall vert det sendt vidare til Lindorff for inkassovarsel.
Har du framleis ikkje betalt innan forfall på inkassovarselet vert det sendt ut inkassokrav og du risikerer både oppseiing og betalingsanmerking.