Om bustadane

Tervatunet C og D vil vere klare for innflytting frå 3. januar 2022. Alle dei 61 einingane har eigne bad og moderne fasilitetar.

Dei ulike bustadtypane i Tervatunet C og D er

- Hybel m/eige bad - Kr. 4400 pr. mnd

- Hybel m/eige bad og hems Kr. 4700 pr. mnd

- Hybelleiligheit Kr. 4700 pr. mnd

- Leiligheit - Kr. 6700 pr. mnd

Alle prisar er utan straum.  

Hyblane er møblert med garderobeskap og skrivebord med stol. Leiligheitene med garderobeskap.   

Prospekt:

Romløysing innandørs: 

Tervatunet C- 1. etasje - inneheld 10 hyblar med eige bad på 14-18 m2. Desse har tilgang til stort felleskjøkken og opphaldsrom.

Tervatunet C - 2. etasje - inneheld 10 hyblar med eige bad. Hyblane er på 14-15 m2. 2 av desse har i tillegg eigen hems. Tilgang på felleskjøkken og opphaldsrom

Tervatunet C - underetasje - inneheld 7 hybelleiligheiter med eige kjøkken og bad, 14-15 m2. Vidare 2 leiligheiter med eige soverom, kjøkken og bad, 30 m2.  

Tervatunet D - 1. etasje - inneheld 11 hyblar med eige bad på 14-18 m2. Tilgang på felleskjøkken og opphaldsrom

Tervatunet D - 2. etasje - inneheld 11 hyblar med eige bad på 14-15 m2. 2 av desse har i tillegg eigen hems. Tilgang på felleskjøkken og opphaldsrom. 

Tervatunet D - underetasje - inneheld 8 hybelleiligheiter med eige kjøkken og bad på 14-15 m2. Vidare 2 leiligheiter med eige soverom, kjøkken og bad, 30 m2.   

Utandørs:

Perspektiv frå Hamretunet

Perspektiv frå Tervatunet 1 A 

Perspektiv frå Tervatunet 1 B

14.jpg

Merk deg at bildet er eit døme på hybel med hems i ein Saman-bustad, og at bildene kan avvike noko frå hyblane og bustaden du kan bli tildelt. Bildet er styla med interiør.