FAQ
Denne sida blir løpande oppdatert.
Når er siste frist eg kan søke om bytte til dei nye studentbustadane?
Du kan søke så lenge du vil inntil me har fylt opp dei nye bustadane. Etter 20. oktober vil dei som ikkje allereie bur hjå oss også få tilbod om bustad i Tervatunet C og D.
Må eg betale nytt depositum om eg vel å flytte over frå ein annan Saman-bustad?
Nei, me vil flytte over depositumet du allereie har betalt inn til ny avtale.
Unntak: Dersom du skal flytte frå hybel til leilegheit vil depositumet vere høgre, og du vil måtte betale eit mellomlegg.
Kan eg få kontrakt for meir enn eit halvt år?
Alle våre leigeavtaler har standard sluttdato 31.07. For dei som ønskjer å lenger sender vi ut tilbod om nye avtalar frå 1.august på våren.
Korleis er oppseiingstida?
Oppseiingstida i våre leigeavtaler er 3 månader i frå 1. i påfølgjande månad.
Er det bindingstid i avtalen?
Leigeavtalane våre har 3 mnd. bindingstid frå kontraktstart i tillegg til oppseiingstid.
Når kan/må eg flytte over?
Ut i frå når bygget skal vere klart vil det vere innflytting frå 1. januar 2022.
Forbehold om endring i tilfelle uforutsette hendingar.
Kva vil dei nye bustadane koste?
Sjå her for leigeprisar for dei ulike bustadtypane.
Kva om eg vil bu med visse personar frå mitt noverande kollektiv/andre venner?
Sjå her for vennekollektiv. Ver obs på at storleiken på kollektiva vil vere frå 10-11 personar totalt.
Kor mange personar vil eg dele kjøkken og bad med?
Hyblar i Tervatunet C og D delar på eit felleskjøkken med 9-10 andre studentar. I tillegg får ein tilgang på eit stort opphaldsrom med sittegruppe.
Hybelleiligheiter og leiligheiter har eige kjøkken.
Alle bueiningane i Tervatunet C og D har eige bad. Det vil sei at uansett kva bustadtype du søker, så vil du ikkje dele bad med nokon.
Må eg ta med eigen seng eller andre møblar?
Hyblane er møblert med garderobeskap og skrivebord med stol. Leiligheitene med garderobeskap. Ellers er bueiningane umøblert. Du må derfor ta med møblar som seng sjølv.
Har du tilgang til felleskjøkken og felles opphaldsrom så vil desse innehalde kvitevarer og sittegrupper.
Kva fasilitetar vil eg finne på dei nye bygga?
- Trådlaust internett (WiFi)
- Vaskeri
Merk deg at bildet er eit døme på hybel i Førde, og at bildene kan avvike noko frå hyblane og bustaden du kan bli tildelt. Bildet er styla med interiør.