Fornying av leigekontrakt

English version

Me har no sendt ut e-post til alle som har ein kontrakt som går ut 31.07.2021.

For å få tildelt ei ny leigeavtale ber me deg sende kopi av studentbevis (som skjermbilete frå app, eller annan dokumentasjon på at semesteravgift for våren 2021 er betalt) innan 15. mars via Henvendelse på bo.sammen.no. Bruk her sakstype 3. Administrasjon kontrakt og kategori ‘Dokumentasjon semesteravgift’. Sjekk at avtalenummeret ditt er med i Henvendelsen. Får du problem med å sende dokumentasjon via Henvendelse, ta kontakt med oss på post.sfj@sammen.no eller telefon 55 96 88 33.

Når me har registrert og godkjent dokumentasjonen din, så vil me sende deg ei ny leigeavtale for signering, denne kjem på e-post frå notifications@egreement.com. Denne avtala må signerast innan 3 dagar.

Nytt leigeforhold er kun gyldig dersom det signerast innan fristen som står på avtalen og vèr obs på at alle forfalne husleiger må vere betalt for å få ny kontrakt.

Ynskjer du å sei opp leigeavtala til 30.06.2021, så må du kontakte oss på
e-post innan 31.03.2021.

  • Du treng ikkje å betale nytt depositum når du fornyar leigeavtala di.

  • Husleiga vert justert frå 1. august. Ny pris finn du i leigeavtala.

  •  Merk at: signering av ny avtale gjev deg ei ny bindingstid.

Dersom du skal flytte ut til sommeren, så kan du berre sjå vekk frå e-posten du har fått.

Ynskjer du å bytte bustad? 

Du må likevel fornye kontrakten på den bustaden du har no. Du må søke om bytte via Min side, då legg du inn ein ny søknad i køen «internt bytte». Dersom du får tildelt eit bytte, ordnar me kontraktane for deg tilpassa byttet ditt. 

Usikker på om du skal vere student til hausten? 

Du kan diverre ikkje få utsett fristen for å fornye, men du har moglegheit til å kansellere den nye avtala heilt fram til 23. juli dersom du ikkje kjem inn på studia. Det må gjerast skriftleg til post.sfj@sammen.no og dokumentasjon frå Samordna opptak må leggjast ved.

Dersom du sjølv avsluttar studia, må du gje oss beskjed raskast mogleg og innan 23. juli. Det må gjerast skriftleg til post.sfj@sammen.no og du må legge ved dokumentasjon frå studiestaden din som stadfestar at du ikkje skal vere student til hausten.

Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med oss på e-post: post.sfj@sammen.no