Forsikring

Forsikring kan vere kjedelege greier, men så viktig! Har du forsikra deg og dine eigedelar?

Som student kan busjettet vere stramt nok allereie.

Kva gjer du viss eit lynnedslag øydelegg den nye TVen din, eller hybelen brenn ned? Viss du misser alt du eig til brann, vass-skader eller innbrot?
Tanken er kanskje fjern for dei fleste, men skulle noko slikt skje kan du få hjelp til å erstatta dette viss du har innbuforsikring.

Dei alle fleste som leiger ut har forsikra sitt eige innbo og sjølve bygget, men ikkje leigebuaren sitt innbo. Sjekk opp i kva du allereie har av forsikring, og om forsikringa til dine foreldre framleis kan dekka deg. 

Reiseforsikring og ulukkesforsikring er òg viktige forsikringar for deg som er student.

Fleire forsikringsselskap har pakkeavtalar som inkluderer alle desse 3 forsikringane. Pass på å lese vilkåra for forsikringane før du inngår ein avtale.