Flytte ut
Oppseiing
Ønskjer du å flytte ut før kontrakten din utløper må du hugse på å seie den opp. Det gjer du ved å legga inn oppseiing i kontrakten på bo.sammen. Gjeldande oppseiingstid finn du i §2 Tidsrom for avtalen i kontrakten din.
Reinhald ved utflytting
Når du flytter ut skal du reingjere heile bustaden din. Bur du i kollektiv vil du òg få tildelt ein del av fellesområdet som skal reingjerast. Ta kontakt med vaktmeistar i god tid for å avtala utflyttingskontroll slik at du er sikker på at dei har ledig tid den dagen du planlegg å flytta.
Tips!
Har du utflyttingskontroll vil du få beskjed viss noko av reinhaldet ikkje er godkjend, og du vil då kunne gå inn att og retta opp manglane.
Det vil du ikkje kunne gjere viss du har levert frå deg nøklane dine. Då er bustaden rekna som tilbakelevert j.f. Husleigelova. Det vil seie at det som ikkje er godkjend vert dokumentert før det vert reingjort og arbeidet vert fakturert deg på Min side.
Her finn du sjekkliste for vask av bustaden:
Adresse
Hugs å legge inn ny adresse på Min side, melde adresseendring til Posten og evt. endre adressa di i Folkeregisteret. Post som kjem til studentbustaden etter leigebuar har flytta ut blir sendt i retur.
Levering av nøklar
På infotavla på fellesområdet finn du ei mappe med konvoluttar som skal nyttas ved innlevering av nøklar.
Fyll ut framsida, ha nøklane i og levèr enten til husøkonom ved utflyttingskontroll, til vaktmeister etter avtale eller i postkassen utanfor kontoret til vaktmeistar.
Etterfakturering
Merk at du kan bli fakturert ekstrakostnadar også etter du har flytta ut/leigeavtalen er gått ut, som t.d. reinhald, skadar eller tapte nøklar. Du er sjølv ansvarleg for å følgje med om det kjem faktura på bo.sammen.no. , og faturering skjer normalt innan 1 månad etter avtaleslutt.