Flytte inn

 

Opningstid

Måndag-Fredag
8:00-15:00


Skal du flytte inn i ein av våre studentbustadar? Her er det du treng vite!

Gjer deg kjend med kontrakten

Du finn kontrakten ved å logge deg inn på Min Side. Når du signerer kontrakten din, så aksepterer du òg dei vilkår knytt til den. Det er difor viktig at du les kontrakten med vedlegg før signering slik at du er kjend med kva du pliktar deg til.

Har du akseptert kontrakten din?

Når du har lest kontrakten m/vedlegg og er klar for å signere kan du gjere det i eGreement anten med Bank ID, mobilnummer eller ved å signere manuelt. Frist for signering (akseptfrist) finn du i eGreement.

Kva med depositum?

Vi krev ikkje lenger depositum til våre leigeavtaler.

Når kan du flytte inn?

I leigeavtalen din står det ein startdato for leigeforholdet ditt. Det er frå og med denne datoen du kan få utlevert nøklar og flytte inn. Fell denne datoen på helg eller heilagdag er det førstkommande ordinære arbeidsdag som er gjeldande. Det finn du og i leigeavtalens §8. Overlevering av bustad - innflytting.

Slik får du nøklane dine

Hugs legitimasjon ved henting av nøklar.

Nøklane kan hentast i Vieåsen innanfor opningstid. 
Ta kontakt med vår vaktmeister Kåre Rune i god tid innanfor opningstid på telefon 975 98 902 eller e-post kare.gjelsvik@sammen.no for avtale om overlevering.

Rekk du ikkje henta dei sjølv kan du avtala med nokon som kan henta nøklane for deg.
Du må då senda oss ei skriftleg stadfesting på dette med namn på personen som har løyve til å henta nøklane dine.

Skademelding og reinhald

Sjå over bustaden din og sjekk at alt er reint og i orden, og send inn ei henvendelse viss det er feil/manglar. Hugs å velje Tema 'Vaktmester, renhold' for henvendelsen for at den skal komma til drift og reinhald.

OBS! Dersom det er manglar som må utbetrast er det viktig at nokon frå vår avdeling for reinhald/drift er inne til synfaring/vurdering. Utbetringar gjort utan at Saman er involvert vil ikkje kunne vurderast til evt. kompensasjon.

Møblement

Alle våre leiligheiter og hyblar inneheld garderobeskap, men er ikkje møblerte med seng. Hyblane har skrivebord med stol, leiligheitene er ikkje utstyrt med skrivebord og stol. Vidare har kjøkkena skap og kvitevarer, men ikkje utstyr som servise, kasserollar, vasskokarar eller mikrobølgjeomn. Fellesområder har sofagruppe, finn meir informasjon om møblementet for din bustadtype på søkeportalen; www.bo.sammen.no
I Vieåsen vil du også finne ei gjenbruksbu.