Får du ikkje tilgang til Min side?
Opprette konto?
Om du ikkje har hatt konto på bo.sammen.no tidlegare, må du opprette ein konto først. Frå forsida klikkar du på "Logg på Min side", og vel deretter "Vil du opprette en ny konto". Klikk her for mer informasjon om korleis du søker bustad.
Dersom du har problem med å opprette konto kan du først prøve å bytte nettlesar til Chrome, og deretter sjekke at alle opplysningar som er lagt inn er korrekt. Kontakt oss på post.sfj@sammen.no dersom du fortsatt ikkje får det til.
Har du konto eller har du hatt konto tidlegare?
Dersom du har hatt konto tidlegare, men ikkje får tilgang, sjekk først om du har fått ein e-post frå Sammen Bolig om at kontoen din blir deaktivert dersom du ikkje loggar deg inn. Dersom du har fått denne e-posten og ikkje logga deg inn, må du sende ein e-post til post.sfj@sammen.no, så hjelper me deg vidare.
Dersom du ikkje har fått denne e-posten, kan du klikke på "Får du ikke tilgang til kontoen din?" og be om brukernamn eller nytt passord. Viss du ikkje får e-post må du kontakte oss på post.sfj@sammen.no.
Ikkje lag ny brukarkonto på portalen før du har vore i kontakt med oss.
Får du logga deg inn men finn ikkje informasjon om leigeforholdet ditt?
Då har du mest sannsynleg laga ein ny konto på portalen vår som ikkje er knytt til di leigeavtale. Ta kontakt med oss på post.sfj@sammen.no så hjelper me deg vidare.
Viss du har problem med å sende inn henvendelser gjennom Min side, kan du ta ein kikk her. Ta kontakt med oss på post.sfj@sammen.no dersom det ikkje fungerer.
Hugs at dersom du sender oss e-post med spørsmål om portalen, må du sende oss fullt namn, eventuelt kvar du bur hjå oss og romnummer, i tillegg til skjermbilde av eventuell feilmelding du får.