FAQ

Her finn du svar på ofte stilte spørsmål.

Denne sida blir løpande oppdatert.

Kan eg få kontrakt for meir enn eit år?

Alle våre leigeavtaler har standard sluttdato 31.07. For dei som ønskjer å bu lenger sender vi ut tilbod om ny avtaleperiode på våren.. 

Kvar finn eg bustadreglement?

Bustadreglementet finn du her.

Korleis er oppseiingstida?

Oppseiingstida i våre leigeavtaler finn du i §2. Denne er 3 månader i frå 1. i påfølgjande månad. 

Er det bindingstid i avtalen?

Leigeavtalane våre har 3 mnd. bindingstid frå kontraktstart i tillegg til oppseiingstid.

Må eg ta med eigen seng eller andre møblar?

Hyblane er møblert med garderobeskap og skrivebord med stol. Leiligheitene med garderobeskap. Ellers er bueiningane umøblert. Du må ta med møblar som seng sjølv.   

Har du tilgang til felleskjøkken og felles opphaldsrom så vil desse innehalde kvitevarer og sittegrupper. 

Kan eg byte studentbustad?

Det er mogleg å søke intern flytting dersom du av ulike årsakar ønskjer å byte til ein av våre andre bustadar. Dette vil bli tildelt fortløpande etter kva som er tilgjengeleg. Meir informasjon om dette finn du her

Må eg betale nytt depositum om eg vel intern flytting til ein annan Saman-bustad?

Nei, me vil flytte over depositumet du allereie har betalt inn til ny avtale.

Unntak: Dersom du skal flytte frå hybel til leilegheit vil depositumet vere høgre, og du vil måtte betale eit mellomlegg.