Bytte?

Trivst du ikkje i studentbustaden du er tildelt, eller av andre grunnar ønskjer å bytte bustad internt hjå oss, kan du søke om intern flytting.

For å søke om intern flytting må du logge deg inn på bo.sammen.no , gå inn på Søk > Søk bolig og søk i ventelista som heiter 'Søk internt bytte/internal transfer'.

Me tek då kontakt dersom det blir noko ledig me kan tilby deg. 

Er det ein særskilt årsak til at vi bør prioritere din søknad ber me om at du i tillegg legg inn ein henvendelse på bo.sammen.no med forklaring og evt. dokumentasjon på dette.

Så lenge ein har nøkkel til begge hyblane betalar ein òg leige for begge. Dette vil alltid gjelde flyttedagen i tillegg til dei dagane leigetakar vel å behalde begge sett med nøklar.

OBS! Det vert ikkje mogleg å gjennomføra intern flytting mellom
1. juni og 1. oktober grunna hovudtildeling og innflytting.