Sirkulærveka
Sirkulærveka er eit initiativ for å gjere studentar og tilsette meir bevisste på korleis ein med enkle grep kan få eit meir berekraftig forbruk, og få ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag. Sirkulærveka skal gi håp om at det vi gjer nyttar.
Vi delar veka i fem, og kvar dag får sitt eige tema:
- Måndag 3. mai: mat
- Tysdag 4. mai: tekstil
- Onsdag 5. mai: resirkulering
- Torsdag 6. mai: plast
- Fredag 7. mai: håp
For kvar dag kan du lære noko om korleis du kan leve meir miljøvennleg og berekraftig. Du får vite meir om korleis du kan bidra til å redusere matsvinn og leve meir klimasmart i matvegen. Vi tilbyr tips og triks til reparasjon og fiksing av gamle kle og syklar. Korleis skal vi sortere på rett måte? Det treng ikkje vere så vanskeleg å bli litt betre. Klarer du å gå ein heil dag utan å bruke plast? Kva med å bli med på plastrydding i nærområdet? Her får du trim, smittevernvennleg sosialisering og god gjerning i ein og samme aktivitet!