Transport

Søke om stønad for utgifter til transport?

Alle søknadar vert behandla j.f. våre generelle rammer og vilkår.  

Dette kan du søka om stønad for

Dersom skade gjer det umogleg å nytte offentlege transportmiddel mellom studiebustad og lærestad, kan ein søka om stønad til transport. Ein kan då få dekka ein t/r per dag (ikkje heilagdag eller helg) i inntil 4 veker rekna frå dato til dato.

Reise til og frå behandling kan ein få dekka av det offentlege hjå Pasientreiser.

Så mykje kan du få attende

Du kan få stønad for heile beløpet inntil maksgrensa per studieår j.f. Helsefondets generelle rammer og vilkår.
Er ikkje eigenandelen for hesefondet gjeldande semester allereie dekka 
vert denne trekt frå før utbetaling.

Dette må leggas ved søknaden

  • Bevis på betalt semesteravgift for semesteret transport er nytta.
  • Attest frå lege på at ein ikkje kan nytta offentlege transportmidlar mellom heim og skule grunna skade/sjukdom.
  • Kvittering for taxiutgifter påført dato, heime- og skuleadresse..